Frøyseth Gardsmat
Velkomen til gards ! Skriv ut E-post
Skrevet av Ørjan Daae   
fredag 02. oktober 2009 18:20



Med dette har vi gleda av å ynskje velkomen til heimesidene til Frøyseth Gardsmat. Vi held til på vakre Frøyset i Masfjorden, Hordaland. Her driv vi med produksjon av mat, basert på eigne råvarer. I løpet av den tida vi har halde på med dette, har vi fått eit godt renommé som ein produsent av kvalitetsmatvarer.
Etter kvart vil vi også satse meir på anna næringsverksemd - gardsturisme, mellom anna. Difor ser vi det som naturleg at dei av våre vener som kanskje ikkje er så stive i norsk, skal kunne finne nyttig informasjon om oss på tysk og engelsk. Av den grunn vil vi etter kvart også legge ut informasjon på desse to språka.
Takk for at du stikk innom. Vi vonar du finn informasjon her som du synest er nyttig og interessant.

Venleg helsing
Oddny, Tone og Ørjan






Sist oppdatert fredag 13. april 2012 14:45